Ung i Longyearbyen

Ung i Longyearbyen er Longyearbyen lokalstyre sitt totale fritidstilbod for ungdom i Longyearbyen. Ung i Longyearbyen jobbar aktivt for at ungdom skal trivast i lokalsamfunnet vårt. Longyearbyen er eit lite, multikulturelt samfunn med ei høg utskifting av lokalbefolkninga, også ungdommar. Vinteren og mørketida er lang, den fysiske avstanden frå vener og familie på fastlandet er stor, og ei stadig utskifting av vennegjengen er alle element som kan by på utfordringar. Dette er noko av det som gjer det spesielt å vekse opp i Longyearbyen. Hovudmålet for Ung i Longyearbyen er å sikre gode oppvekstmiljø og bidra til positive aktivitetar og samhandling mellom individ og grupper.

Ung i Lyb logo.jpg

Ungdomsklubben, UHU, Longyearbyen Ungdomsråd samt andre aktivitetar, tilbod og arrangement gjennom Ung i Longyearbyen er alle arenaer der ungdommen kan prøve ut ferdigheiter, organisere eiga fritid og samlast i uformelle nettverk. Målgruppa for Ung i Longyearbyen er ungdom frå 5.klasse og ut vidaregåande skule. Hovudmålgruppa er frå 8.klasse og opp til 18. år. Klikk i menyen på venstre side for å lese meir om de ulike tilboda og arrangementa til Ung i Longyearbyen.

Ungdommen har påverkning på aktivitetane og aktivitetane og tilboda gjennom styreverv i UHU, Ungdomsklubben og Longyearbyen Ungdomsråd.

Aktivitetane som blir organisert er frivillig, og for alle. Ein skal verken krevje spesielle ferdigheiter, kunnskap eller god økonomi for å delta. Det er eit ynskje om foreldredeltaking ved større arrangement, og at planlegginga av større arrangement skal inkludere foreldre som stiller frivillig. 

Ung i Longyearbyen skal ha eit hesefremmande og førebyggjande innhald i planlegging, organisering og gjennomføring av aktivitetar og tilbod, og har som mål gjennom sine aktivitetar, tilbod og arrangement, å:

  • Legge til rette for aktivitetar som fremmar fysisk og psykisk helse
    • Skape eit inkluderande miljø
    • Bevare og skape gode sosiale nettverk blant ungdom i byen
    • Gjenspeile ungdommen sine interesser
    • Vere ein arena for å prøve ferdigheter som aukar mestrings- og sjølvkjensla
    • Tilby sunne alternativ ved matservering
  • Arbeide med haldningsskapande arbeid, samt fremme arbeid på tvers av sektorar og frivillige organisasjonar/lag i Longyearbyen
    • Auke ungdommen sin nysgjerrighet og stimulerer til kreativitet og nytenking
    • Skape engasjerte, samfunnsbevisste og ansvarlige ungdommar
  • Aktivt drive med rusførebyggjande arbeid

Alle Ung i Longyearbyen sine tilbod og arrangement er rus, snus og røykfrie.

Følg oss gjerne på facebook

Sjå filmar frå Camp Svalbar dog UKM her

 

Tips en venn Skriv ut
Publisert 22. april 2012 av Ingeborg Runde | Oppdatert 05. januar 2017