UKM Svalbard

Ungdomens kulturmønsting på Svalbard er ein kulturfestival av og for ungdom busett i Longyearbyen. Her kan ungdom i alderen 13-20 år delta med alle typar kulturutrykk.

Du kan bidra på mange ulike måtar, ei kulturforestilling krev mykje forarbeid! Anten kan du stå på scena og framføre ei låt, ein dans eller eit teatertykke.Kanskje har du eit bilete, måleri eller ein skulptur du har lyst å stille ut? Likar du å lage film? Då kan du vise den på UKM! Eller så kan du bidra i meidegruppa, som tek bileter og lagar film under UKM- veka. Vi treng også fleire til å arbeide som scenearbeidarar og lys/lyd- tekninkarar, samt konfransierar.

Sjå film frå UKM Svalbard 2016 her

UKM gir ungdom mellom 13 og 20 år ein flott mogelegheit til å vise fram det dei brenn for og til å treffe likesinna lokalt og gjennom kulturmønstringer på fastlandet. Alle som melder seg på til UKM Svalbard får delta. Du må vere mellom 13 og 20 år for å delta (det er ok om du fyller 13 det året forestillinga er). Dersom du er med i ei gruppe, må halvparten av gruppa vere mellom 13 og 20 år.

UKM er delt inn i tre nivå: 
• Lokalmønstring, Longyearbyen 
• Fylkesmønstring i Troms 
• Landsmønstring i Trondheim 

Lusie Kuraas (21).JPG

Foto: Lusie Kuraas

UKM er ingen konkurranse. Ein jury vel ut bidrag frå Longyearbyen som går vidare til Fylkesmønstring i Troms. Utvelginga skjer på grunnlag av originalitet, kreativitet, publikumskontakt og kvalitet. Dei utvalgte deltakarane skal speile breidda i den lokale mønstringa.

Gjennom UKM legg ein grunnlaget for engasjement og aktivitet innan musikk og scenekunst. UKM mønstrar ungdom over heile landet og er eit viktig supplement til kulturskolar, korps, kor og teaterlag. I Longyearbyen har vi arrangert UKM årlig sidan 2003.

For meir informasjon og påmelding: www.ukm.no

Følg oss gjerne på facebook

Tips en venn Skriv ut